Frå høge himmel

Et produkt av koronatid har nå fått sin fysiske fødsel. Stolt produsent av en av årets fineste og tidvis mørkeste juleplate, med den fabelaktige trioen Åshild Vetrhus, Morten Barrikmo og Andreas Ulvo Løp og kjøp! ✨✨

”Frå høge himmel” er ei splitter ny juleplate kor ein får høyra lokale tradisjonelle julesalmar frå heile Rogaland. Men, kor lystig var eigentleg jula før i tida? Tekstane som er henta fram her, står i kontrast til nisseskjegg og glitter. Melodiane er inderleg insisterande og stemma til Åshild Vetrhus får fram spennet frå det skjøraste nære til det borrande dramatiske, på ein måte som gjer at håra reiser seg og set oss tilbake i sinnsstemning og tid. Åshild er til stades i tekstane på ein måte som gjer me kjenner lukta av slit, strev og eit liv frå hand til munn. Til tross for dette; du verda for nokre flot te og finurlige melodiar dette kalde tekstuniverset har fått. Noko av melodimaterialet kjenner me igjen og er blitt slagarar i kyrkja. Songen ga også løfter og håp. Håp om betre tider på den andre sida. Salmane har overlevd på ulikt vis frå generasjon til generasjon. Griseslaktarar, jegrar, ordførarar, liksongarar, bønder og autodidakte kirurgar, alle borte nå, har vore med på å vidareføra denne gripande formidlartradisjonen frå avgrunnen si utømmelege